Émilie de Châtelet – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Émilie de Châtelet
Portrett ved Maurice Quentin de La Tour.
Nasjonalitet
Fransk
Statsborgarskap
Frankrike
Fødd
17. desember
1706
Paris
Død
10. september
1749
(42
år)
Lunéville
Yrke
Matematikar
fysikar
Språk
fransk
Påverka av
Isaac Newton
Medlem av
Académie de Stanislas
[*]
Accademia delle Scienze dell'Istituto
[*]
Far
Louis Nicolas Le Tonnelier de Breteuil
Mor
Gabrielle-Anne de Froulay
Ektefelle
Florent-Claude du Chastelet
Born
Louis Marie Florent du Châtelet
Émilie de Châtelet på Commons
Gabrielle Émilie Le Tonnelier de Breteuil, markise du Châtelet
, kjend som
Émilie de Châtelet
fødd
17. desember
1706
Paris
, død
10. september
1749
) var ein fransk matematikar, fysikar og forfattar i
opplysningstida
. Dei beste verka hennar var omsetjing av det monumentale verket til
Isaac Newton
Philosophiæ naturalis principia mathematica
, utgjeve etter ho døydde og som enno er standard omsetjing av boka på
fransk
Voltaire
, ein av elskarane hennar, erklærte i eit brev til venen sin kong
Fredrik II av Preussen
at du Châtelet var «ein stor mann viss einaste feil var å vere kvinne».
Tidleg liv
endre
endre wikiteksten
Faren hennar var
Louis Nicolas le Tonnelier de Breteuil
, førstesekretær og han som introduserte ambassadørar til kong
Ludvig XIV av Frankrike
, ein posisjon som plasserte han i sentrum for all sosial aktivitet ved det franske hoffet og såleis gav familien høg status. Blant kjennskapane deira var
Fontenelle
, perpetuell sekretær av Det franske vitskapsakademiet,
Académie des Sciences
. Émilies far Louis-Nicolas anerkjende tidleg den uvanlege intelligensen til dottera og sørgde for at Fontenelle kunne kome og samtale om
astronomi
med henne då ho var berre ti år gammal.
Émilies mor, Gabrielle-Anne de Froulay, hadde vakse opp i eit kloster, på denne tida den mest vanlege utdanningsinstitusjon tilgjengeleg for unge jenter og kvinner. Medan ein del kjelder hevdar at mora hennar mislikte intelligensen til dottera, eller at ektefellen hennar oppmuntra dottera si intellektuelle nysgjerrighet, er det òg andre indikasjonar på at mora hennar ikkje berre godkjende du Chatelets tidlege utdanninga, men faktisk oppmuntra henne til energisk å stille spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar.
Uansett tilfelle vart eit slik arrangement sett på som svært uvanleg for foreldre på denne tida og av denne statusen. Då ho var lita sørgde faren hennar for hennar fysiske fostring i form av
riding
og
fekting
, og etterkvart som ho vart større skaffa han heimelærarar til henne. Som eit resultat snakka ho flytande
latin
italiensk
gresk
og
tysk
i ein alder av tolv år; ho publiserte seinare omsetjingar til fransk frå greske og latinske skodespel og filosofi. Ho fekk utdanning i
matematikk
litteratur
og
vitskap
. Mora hennar Gabrielle-Anne var forferda over framgangen hennar og kjempa mot Louis-Nicolas kvart skritt på vegen. Ein gong freista ho å få sendt Émilie i kloster.
Émilie likte òg å danse, var spelte truleg
cembalo
, song
opera
, og dreiv amatørskkodespel. Som tenåring då ho mangla pengar for å kjøpe bøker nytta ho seg av sin matematiske kunnskapar for å drive suksessfull
gambling
Langt seinare i livet tapte ho ein gong rundt 84
000 francs (tilsvarande rundt ein million amerikanske dollar i 2009), ein del av det var lånt, i løpet av ein kveld ved bordet i
Fontainebleau slott
til ein kortsvindlar.
For raskt å skaffe seg pengane tilbake for å betale den store gjelda si nytta ho seg av eit oppfinnsamt finansarrangement tilsvarande moderne
derivat
, der ho betalte skatteoppkrevjarane ein rimeleg låg sum for retten til dei framtidige inntektene deira (dei hadde lov til å halde ein del av den skatten dei samla inn for kongen) og lovde å betale hoffgamblarane delar av desse framtidige inntektene.
Ekteskap og samarbeid
endre
endre wikiteksten
Emilie dei Châtelet
Den 12. juni 1725 gifta ho seg med marki Florent-Claude du Chastellet-Lomont,
og vart såleis sjølv
markise du Chastellet
(å stave namnet
Châtelet
vart introdusert av Voltaire, som augesynleg likte slike ordendringar, og har sidan vorte fast).
Som med mange ekteskap innanfor adelen var ekteskapa deira arrangert og paret hadde lite til felles. Etter å ha fødd tre born meinte Émilie at ho hadde oppfylt dei ekteskapelege pliktene sine, kom til ei semje med ektemannen om at dei levde åtskilte liv men at dei enno heldt ei hushaldning. Markien var militær og guvernør av
Semur-en-Auxois
Burgund
. I dei øvste franske klassane var det dessutan til ei viss grad akseptabelt at både ektemannen og hustrua kunne ha elskarar.
Introduksjon til Newton sine idear
endre
endre wikiteksten
Då Émilie du Châtelet var 24 år gammal hadde ho ein affære med
hertugen av Richelieu
som varte eit og halvt år. Hertugen var interessert i litteratur og filosofi, og Châtelet var ein av dei få kvinnene som konverserte med han på hans eige nivå. Ho las kvar bok som følgje av dette, følgde teateret jamleg, og naut intellektuell debatt. Châtelet uttrykte interesse for verka til Isaac Newton, og Richelieu oppmuntra henne til å ta undervising i høgare matematikk for betre å forstå teoriane hans.
Pierre Louis Maupertuis
, eit medlem av det franske vitskapsakademiet vart læraren hennar i
geometri
. Han var matematikar, astronom og fysikar, og støtta teoriane til Newton som var heftig omdiskutert på akademiet.
Émilie og
Voltaire
, den fjerde elskaren ho hadde etter ekteskapet, møttest etter at han kom tilbake frå eksilet sitt i
England
. Châtelet inviterte han til å leve i hennar landelege hus ved Cirey-sur-Blaise i Haute-Marne, i det nordaustlege Frankrike, og han vart hennar livslange partnar (under auga til hennar tolerante ektemann). Der studerte ho fysisk og matematikk, og utgav vitskaplege artiklar og omsetjingar. Ved å bedømme breva Voltaire sendte til vener og kommentarane deira til kvarandre sitt arbeid, synast det som om dei levde saman under gjensidig oppmuntring og respekt.
Fødsel og død
endre
endre wikiteksten
Den siste kjærleiksaffæren til Châtelet viste å bli fatal. Tidleg i 40-åra hadde ho ein affære med poeten
Jean François de Saint-Lambert
og vart gravid. I eit brev til ein ven skreiv ho at ho frykta ho kanskje ikkje ville overleve graviditeten på grunn av alderen sin. Ho fødde barnet, men døydde seks dagar seinare frå
emboli
(blodpropp) i ein alder av 42 år gammal.
Som Voltaire skildra det: «Denne vesle jenta kom til medan mora hennar var ved skrivebordet sitt, skribla ned nokre newtonske teoriar, og det nyfødde barnet vart mellombels plassert på eit bind om geometri medan mora hennar samla saman papira sine og vart lagt til sengs.» I fleire dagar var Émilie lukkeleg og nøgd, men den 10. september døydde ho brått, og det nyfødde barnet døydde kort tid etter. Voltaire som var saman med henne til det siste var oppløyst i tårer. Han snubla ut av rommet og fall saman utanfor døra.
Vitskapleg forsking og publikasjonar
endre
endre wikiteksten
På tittelbiletet på omsetjinga deira av Newton er du Châtelet avbilda som musen og inspirasjonen til Voltaire, og som reflekterte Newton si guddommeleg innsikt ned til Voltaire.
I 1737 publiserte Châtelet ein artikkel kalla
Dissertation sur la nature et la propagation du feu
, basert på forskinga hennar i vitskapen om
eld
som føresåg det som i dag er kjent som
infraraud stråling
og vesenet til
ljoset
. Boka hennar
Institutions de Physique
Lærdom i fysikk
) kom i 1740 og vart presentert som ein gjennomgang av nye tankar i vitskapen og filosofien som kunne studerast av den 13 år gamle sonen hennar, men ho var eit forsøk på semje komplekse idear frå dei leiande tenkjarane i samtida. I boka kombinerte ho teoriane til
Gottfried Leibniz
og dei praktiske observasjonane til
Willem's Gravesande
for å vise at
energien til ein lekam som rører seg
ikkje er proporsjonal til farten til lekamen, slik Newton, Voltaire og andre hadde trudd, men til kvadratet av farten. (I klassisk fysikk er den korrekte formelen E
= 1⁄2 mv², hvor E
er den kinetiske energien til ein lekam,
er masse og
er farten.)
Det året ho døydde fullførte ho det arbeidde som er sett på som den største prestasjone hennar: omsetjinga hennar til fransk, med kommentarane hennar
av Newton sin
Principia Mathematica
, inkludert utleiinga hennar frå mekanismane sine prinsipp til førehandstrua om
konservering av energi
. I dag er omsetjinga til du Châtelet av
Principia Mathematica
framleis standardomsetjinga av verket til fransk.
Moderne vurdering
endre
endre wikiteksten
Sjølv om den klassiske mekanikken til du Châtelet ikkje blir studert med den same metodologien som
Einstein
sitt konsept om masse og fart,
10
fortset biografar og historikarar å sjå ein elegant samklang mellom den berømte likninga hans for
samanhengen mellom energi og stoff
E = mc² (der c representerer farten til ljoset) og prinsippet
E ∝ mv²
som først vart gjenkjent av du Châtelet over 150 år tidlegare.
11
Det bør likevel framhevast at frå ein fysisk synsvinkel er prinsippet til du Châtelet ein korrekt tanke om
kinetisk energi
i klassisk mekanikk, og er det første leddet i ei utvikling av Einstein sin ekvivalens for masse–energi.
Eit krater på planeten
Venus
har fått namn etter henne, og ho er emne for skodespelet
Legacy of Light
av
Karen Zacarías
. Operaen
Émilie
av
Kaija Saariaho
handlar om dei siste augneblunkane i livet til Emilie de Châtelet.
12
Kjelder
endre
endre wikiteksten
Denne artikkelen bygger på «
Emilie de Châtelet
» frå
Wikipedia på bokmål
, den 9. november 2011.
Wikipedia på bokmål
oppgav desse kjeldene:
Bodanis, David (2006):
Passionate Minds: The Great Love Affair of the Enlightenment
. New York: Crown.
ISBN 0-307-23720-6
Ehman, Esther (1986):
Madame du Chatelet
. Leamington Spa: Berg.
ISBN 0907582850
Hamel, Frank (1910):
An Eighteenth Century Marquise: A Study of Émilie Du Châtelet and Her Times
. London: Stanley Paul and Company. OCLC 37220247.
Mitford, Nancy (1999):
Voltaire in Love
. New York: Carroll and Graff.
ISBN 0786706414
O'Connor, John J.; Robertson, Edmund F.: «Gabrielle Émilie Le Tonnelier de Breteuil Marquise du Châtelet»,
MacTutor History of Mathematics archive
, University of St Andrews.
Zinsser, Judith (2006):
Dame d'Esprit: A Biography of the Marquise du Chatelet
. New York: Viking.
ISBN 0670038008
online review.
Zinsser, Judith & Hayes, Julie, (red.) (2006):
Emelie du Chatelet: Rewriting Enlightenment Philosophy and Science
. Oxford: Voltaire Foundation.
ISBN 0729408728
Hamel, Frank (1910):
An Eighteenth Century Marquise: A Study of Émilie Du Châtelet and Her Timest
. London: Stanley Paul and Company. OCLC 37220247. Side 370. sjå òg Bodanis, David (2006):
Passionate Minds: The Great Lóve Affair of the Enlightenment
. New York; Det er mogleg at Voltaire henviste til at viss ho hadde vore ein mann ville den fatale graviditeten hennar ikkje ha fråteke verda ein stor intellektuell kapasitet.
Bodanis, David (2006):
Passionate Minds: The Great Lóve Affair of the Enlightenment
. New York
Zinsser (2006: 26–29)
Hamel (1910: 286)
Hamel (1910: 5)
Andrew, Edward (2006): «Voltaire and hi sine female protectors».
Patrons of enlightenment
. University of Toronto Press. s. 101.
ISBN 9780802090645
Zinsser (2006: 278)
Mandic, Sasha:
Emilie du Châtelet
, Agnes Scott College
Kommentarene som vart gjeven ut saman med markise du Châtelet si omsetjing av av Newton sin 'Principia', skjønt tilskriven i artikkelteksten her til du Châtelet, vart utvetydig tilskriven til
Alexis-Claude Clairaut
av
J.-B. Delambre
, astronomihistorikar, som skreiv:
«Chastelet (marquise du). Hennar omsetjing av boka til Newton om Prinsipp, gjeven ut ti år etter hennar død, vart revidert av Clairaut som la til ein kommentar.» sjå
J.-B. Delambre
(1827):
Histoire de l'astronomie au dix-huitième siècle
: Paris (Bachelier) 1827 (posthum utgjeving redigert av
Claude-Louis Mathieu
).
På side xx: «Chastelet (marquise du). Sa traduction du Livre des Principes de Newton, publiée dix ans après sa mort, a été revue par Clairaut qui y joignit un Commentaire.»
På side 3: «En 1759 on vit paraître la traduction française de la marquise Du Châtelet, avec un Commentaire de Clairaut.»
McLellan, James E; Dorn, Harold (2006):
Science and Technology in World History: An Introduction
. Baltimore, MD: Johns Hopkins University Press. s. 368.
ISBN 0801883598
Zinsser (2006: 177)
Ancestors of E=mc²
Essay på Internett frå Public Broadcast Service, Arlington, VA
Librettoen til
Émilie
Arkivert
2013-02-26 ved
Wayback Machine
(PDF)
Bakgrunnsstoff
endre
endre wikiteksten
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Émilie de Châtelet
«The scientist that history forgot»
Arkivert
2007-08-13 ved
Wayback Machine
, David Bodanis,
The Guardian
15. mai 2006.
Voltaire and Emilie
fra nettsteet til Château de Cirey.
Brevveksling mellom Fredrik den store og markise du Châtelet
(Digital utgivelse ved Trier University Library (fransk og tysk tekst)
Autoritetsdata
Store norske leksikon
BIBSYS
Open Library
VIAF
GND
LCCN
ISNI
BNF
WorldCat
Henta frå «
Kategoriar
Einskildkvinner
Fødde i 1706
Døde i 1749
Franske matematikarar
Franske fysikarar
Franske forfattarar
Bidragsytarar til Encyclopédie
Fransk adel
Folk frå Paris
Matematikarar på 1700-talet
Kvinner på 1700-talet
Gøymde kategoriar:
Sporing av AboutTopic
Fødde den 17. desember
Døde den 10. september
Døydde i 40-årsalderen
Sider som nyttar magiske ISBN-lenkjer
Sider med Webarchive-mal som lenker til Wayback Machine
Artiklar med autoritetsdata
Émilie de Châtelet
Nytt emne
US