Mjøsa – Wikipedia
Hopp til innhald
Koordinatar
60°53′56″N
10°41′31″E
60.89889°N 10.69194°E
60.89889; 10.69194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjøsa
innsjø
Mjøsa sett mot nord frå
Minnesund
Land
Noreg
Fylke
Akershus
Innlandet
Høgd over havet
119-123
moh.
Areal
369,48
km²
Middeldjupn
150
Største djupn
468
Volum
56,24 km³
Kystlengd
341,11
km
Koordinatar
60°53′56″N
10°41′31″E
60.89889°N 10.69194°E
60.89889; 10.69194
Øyar
Helgøya
Byar
Hamar
Gjøvik
og
Lillehammer
{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side
Mjøsa
60°40′00″N
11°00′00″E
60.666666666667°N 11°E
60.666666666667; 11
Wikimedia Commons
Mjøsa
Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Mjøsa sett frå Hamar
Mjøsa
Mjøsa
er ein
innsjø
som ligg i
Innlandet fylke
og
Akershus fylke
og strekkjer seg frå
Lillehammer
i nord til
Minnesund
i sør. Ei strekning på rundt 117 kilometer. Mjøsa er 15 kilometer på sitt breiaste mellom
Hamar
og Totenvika.
Mjøsa er den største innsjøen i
Noreg
med eit areal på 369
kvadratkilometer
og han ligg 123 meter over havet. Den største offisielle målte djupna er 468 meter, målt utanfor
Skreifjella
på
Toten
Fleire uoffisielle målingar med ekkolodd har vist djup på 575 meter utanfor
Stangelandet
Av norske innsjøar er berre
Hornindalsvatnet
(514 meter) i
Vestland
og
Salvatnet
(482 meter) i
Trøndelag
djupare. Mjøsa er den desidert romslegaste (volum) innsjøen i Noreg. Han inneheld like mykje vatn som:
Røssvatnet
Tyrifjorden
, Hornindalsvatnet,
Tinnsjå
Norsjø
og
Kviteseidvatnet
til saman. Innan
Norden
er det berre
Vänern
og
Vättern
som er romslegare. Det held også til ein sjetteplass i Europa. Etter
Ladoga
Onega
og
Genfersjøen
Namnet kjem truleg av
norrønt
«Miors» eller det eldre «Merso» som tyder noko som «Den glitrande» eller «Den skinande». Frå gammalt av heitte innsjøen
Heiðsær
Vasstanden i Mjøsa er regulert opp ei rekkje gonger opp gjennom åra og så seint som i 1947 vart reguleringa overteke av staten. Sidan 1961 har Mjøsa hatt same nivå som i dag. Reguleringa av Mjøsa skjer ved demninga og slusa ved
Svanfossen
før
Vorma
munnar ut i
Glomma
. I løpet av vinteren vert vasstanden redusert så mykje at dei fleste småbåthamnene ikkje kan nyttast før vårflaumen og snøsmeltinga aukar vasstanden igjen.
Største elv som renn inn i Mjøsa er
Gudbrandsdalslågen
, heilt i nordenden av Mjøsa ved
Lillehammer
. Den einaste elva som renn ut av Mjøsa er
Vorma
, heilt sør i innsjøen ved
Minnesund
. Den største øya i Mjøsa er
Helgøya
, som òg er den største øya i Noreg som ligg i ein innsjø. Byar ved Mjøsa er
Lillehammer
Gjøvik
og
Hamar
Mjøsa er åstad for det største innlandsfiske i landet. Kvar haust vert det fanga
lagesild
langs dei nordlege delane av innsjøen, 150-200 tonn vert teke opp i det organiserte fisket kvar sesong. Lagesild-fisket er omtalt så tidleg som i
1462
1995
vart eit canadisk
Handley Page Halifax
bombefly heva frå Mjøsa. Flyet er i dag restaurert og utstilt i
Canada
Dyreliv i Mjøsa
endre
endre wikiteksten
På grunn av det store djupet i Mjøsa er innsjøen framleis langt frå kartlagt når det gjeld dyreliv, men av fiskeartar i Mjøsa veit ein om
Åbor
Aure
Lagesild
Sik
Harr
Gjedde
Lake
Mort
Karuss
Krøkle
Hork
Vederbuk
Nipigga stingsild
Mjøsa sett mot vest frå Hamar brygge.
Foto:
Cato Edvardsen
Samferdsel og båtliv
endre
endre wikiteksten
Det var tidlegare eit ferjesamband over Mjøsa mellom
Biri
og
Moelv
. Det vart erstatta av
Mjøsbrua
1985
. Mjøsbrua er 1421 meter lang.
Det er fleire båtforeininga, seglforeininga og organiserte båthamner rundt Mjøsa. I august 2006 er det oppretta basestasjon for
Maritim VHF
på Bangsberget ved Brumunddal. Han gjev kontakt med Tjøme Radio på kanal 16, kanal 70 og med arbeidskanal 21. Dette er den første basestasjon for maritim VHF i innlandet i Noreg.
Utviding av
E6
til motorveg langs Mjøsa i 2013. Jernbanesporet Minnesund-Hamar vart oppgradert nedanfor i same prosjekt.
Verdt å sjå ved Mjøsa
endre
endre wikiteksten
Skibladner
Domkyrkjeruinane på Hamar
Mjøssamlingane
Storgårdene samlet under
Mjøsgårdene
Severdigheter på Nes& Helgøya -
midt i Mjøsa
Middelalderkirkene: Ringsaker kirke, Nes kirke og Stange kirke
Miljøgifter
som har vorte funne i Mjøsa
endre
endre wikiteksten
kvikksølv
dioksinar
bromerte flammehemmarar
perfluoroktyl sulfonat
Kjelder
endre
endre wikiteksten
Autoritetsdata
Store norske leksikon
GeoNames
SSR (namn)
Henta frå «
Kategoriar
Mjøsa
Innsjøar i Akershus
Innsjøar i Innlandet
Geografi i Eidsvoll
Geografi i Hamar
Geografi i Ringsaker
Geografi i Stange
Geografi i Lillehammer
Geografi i Gjøvik
Geografi i Østre Toten
Gøymde kategoriar:
Sider med feil i koordinattaggane
Koordinatar på Wikidata
Artiklar med autoritetsdata
Sider som bruker Kartographer-utvidinga
Mjøsa
Nytt emne
US