Nynorsk – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne
sida
finst
òg
på
høgnorsk
sjå
Hn/Nynorsk
».
Ivar Aasen
er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag.
Nynorsk
, før 1929 offisielt kalla
landsmål
, er sidan
jamstillingsvedtaket
av 12. mai 1885 ei av dei to offisielle
målformene
av
norsk
; den andre forma er
bokmål
. Nynorsk vert i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane i
Noreg
Skriftspråket
er basert på norsk
talemål
, det vil seie dei moderne norske
dialektane
til skilnad frå
gamalnorsk
og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorsknære dialektar vert snakka over heile landet, men det er berre på
Vestlandet
utanom dei største byene og i dei
austlandske
fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.
Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og norske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av
purisme
i ordtilfanget med avgrensing mot ord av
dansk
og
lågtysk
opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.
Nynorsk normaltalemål
er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske
standardspråket
dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk vil derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.
Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde.
Historie
endre
endre wikiteksten
Frå gammalnorsk til nynorsk
endre
endre wikiteksten
I perioden frå
svartedauden
til
reformasjonen
i 1536 gjekk norsk språk gjennom ein periode med store endringar og forenklingar. Ei viktig drivkraft i språkendringane i perioden var kontakten med
hanseatiske
handelsmenn, det vil seie nordtyskarar, og deira nedertyske språk. Ikkje minst gjeld det ordtilfanget, som i stor grad vart bytta ut. Skandinavar og nordtyskarar kunne såleis lettare forstå kvarandre, men med det resultatet at avstanden til dei øynordiske språka
islandsk
og
færøysk
voks, og det nordiske språkområdet vart delt.
Mens det gammalnorske språket var relativt einskapleg med små dialektskilnader, var og er avstanden mellom dialektane i nynorsk mykje større. Utviklinga av dialektane hadde likevel gått mykje i parallell, for eksempel er
kasussystemet
sterkt svekka i alle dialektane, sjølv om nokre har bevart skiljet mellom
nominativ
og
dativ
Ivar Aasen og landsmålet
endre
endre wikiteksten
Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket gjorde
Ivar Aasen
, grunnleggjaren av norsk språkvitskap. På 1840-talet reiste han rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 publiserte han
Det norske Folkesprogs Grammatik
og i 1850 kom
Ordbog over det norske Folkesprog
. Den fyrste skissa av ein normal kom i 1853 med
Prøver af Landsmaalet i Norge
. Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av
Norsk Grammatik
i 1864 og
Norsk Ordbog
i 1873.
Aasens arbeid byggjer på at dialektane hadde ein sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det sentrale for Aasen var derfor å finne fram til og vise det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klart og prinsipielt formulert i dei fyrste linene i innleiinga til
Norsk Grammatik
«Det Tungemaal, som tilhører den norske Almue, har meget tilfælles med det svenske og dernæst ogsaa med det danske, men adskiller sig fra dem begge ved et Forraad af særegne Ord og Former, og har i det Hele saa meget eiendommeligt i Formen, at det ikke kan falde sammen med noget af disse Nabosprog, men maa nødvendig tænkes opstillet ved Siden af dem som en selvstændig Sprogform. I selve Grundlaget falder det nærmere sammen med den islandske Sprogform, som egentlig ogsaa er udgaaen fra Norge; men alligevel har dog den norske Form udviklet sig anderledes end den islandske, saa at ogsaa disse nu ere noget ulige.»
Den språkvitskaplege følgja av teorien var at Aasen såg det som si oppgåve å abstrahere einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet «den fuldkomneste Form», som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex
djup
fuldkomnere end
jup
Morgon
fuldkomnere end
Morgaa
Moron
og
Maaro
etla
fuldkomnere end
esle
og
elsje
.»
Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift».
Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein kome fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det Aasen sjølv kalla
grunndialekten
og som
Einar Haugen
har kala
protonorsk
. Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte så Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk», «fullkommen» og «ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte». Ut frå denne rangeringa kom dialektane i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med nokre midlandske, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og særleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte».
Tanken om at granskinga skulle ende opp i eit nytt skriftspråk, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet –
grunndialekten
– skulle vere nynorsk, ikkje gammalnorsk. Han tok derfor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var arva frå gammalnorsk og framleis fanst i talemålet, kome til uttrykk i skrift. Det har vorte sagt at Aasen bygde på dialektane og brukte gammalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Sidan Aasen avviste at ein fann alle grunndialekten sine fullkomne former i ein einskild dialekt, måtte landsmålsnormalen byggje på ei samanlikning mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet
rekonstruksjon
framfor
konstruksjon
, i og med at Aasen gjekk ut frå eit levende talemålsgrunnlag. Han skreiv i 1965: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein
rekonstruert
klassisk
standard for dei norske dialektane.»
Gustav Indrebø
har sett opp fire prinsipp som Aasen følgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet.
Arne Torp
og
Lars S. Vikør
har nemnt eit femte:
Det sams systemet i dialektane
i bøying og lydverk: Det var viktigare i normalspråket å få fram det sams systemet enn å få til eit strengt fonetisk samsvar med einskilddialektar.
Samanhengslova:
Samanhengen mellom nært beslekta ord skulle kome fram. Når ein skreiv
kal
, hu
, r
iv
a, Va
, skulle ein òg skrive
kal
t, hu
sa, r
iv
na, va
s-
, ikkje
kalt, hu
sa, r
em
na, va
s-
sjølv om dei siste formene var mest i samsvar med uttalen.
Skriftsystemet i nabospråka:
Aasen skreiv for eksempel
g(j)-
og
k(j)-
i framlyd på same måte som i dansk, det vil seie ingen
framfor
og
ei
sjølv om uttalen var
palatal
Det historiserande:
Ein skulle kunne sjå samanhengen med gammalnorsk, men likevel ikkje slik at det kom på kant med dei andre prinsippa.
Morfologisk eintydigheit:
Kvar bøyingskategori skulle ha eit merke. For eksempel skulle inkjekjønnsformer ha
-t
både i substantiv
(Huse
, Auga
og i partisipp, adjektiv og determinativ
(lag
, funne
, grøn
, ope
, noko
I motsetning til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen for seg eit nytt bruksspråk som skulle fungere i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vere til stas og brukast til vitskaplege føremål, som nedskriving av folkedikting. Derfor ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vere mest mogleg einskapleg. Dess meir einskapleg det var, dess meir attkjennande og lettlært vart språket, og dess større respekt ville det få. Aasen var ein ihuga anti-
ortofonist
. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjere eit skriftspråk av eit mangfaldig talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus.
Det pedagogiske for Aasen låg i den stabile norma og den indre samanhengen i språket. Det var hovudgrunnen til at han la så mykje inn på å motarbeide variasjon i språkbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 1850-åra til han døydde. I tillegg til dei praktiske omsyna la Aasen vekt på at språket skulle ha ei respektabel form. Dersom det skulle vere konkurransedyktig med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftspråka i dansk og svensk. Begge omsyn verka inn då han følgde skriftsystemet i nabospråka, og når han valde dei mest historiserande dialektformene.
1900-talet og språkreformene
endre
endre wikiteksten
Heilt frå byrjinga var det forskjellige syn blant målfolk på korleis skriftnormalen skulle vere. Ivar Aasen var naturlegvis ein autoritet, men tidlege målfolk som
Aasmund Olavson Vinje
Arne Garborg
og
Olaus Fjørtoft
utvikla alle kvar sin variant. Lengst frå Aasen stod Fjørtoft, som argumenterte for direkte samsvar mellom skrift og daglegtale, sjølv skreiv han på sin sunnmørsdialekt. Den fyrste offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901 var likevel stort sett i samsvar med Aasens landsmål.
Det var fyrst med samnorskpolitikken at normeringa av landsmålet tok ei anna lei. Tanken var ved gradvise endringar i dei to skriftspråka å samle seg om éin
samnorsk
normal. Den fyrste reforma i denne retninga var rettskrivinga av 1907 for
riksmål
. Dette var rett nok hovudsakleg ei reform av dansk skriftspråk i retning av det dansk-norske talemålet, men hovudarkitekten bak denne reforma,
Moltke Moe
, såg sjølv dette som det fyrste steget på vegen mot samnorsk. Deretter følgde 1910-rettskrivinga i landsmålet og 1917-rettskrivingane i både landsmål og riksmål. Alle desse reformene var relativt varsame i høve til det som skulle kome, ikkje minst fordi dei mest radikale endringane var valfrie.
Den moderne forma av nynorsk vart til gjennom rettskrivingsendringane av 1938 og 1959. Den mest markante endringa var at skrivemåten av ei rad ord er endra. Mest merksemd har nok likevel det at det såkalla i-målet vart fjerna frå læreboknormalen fått. Dei aller fleste endringane av skrivemåtar og bøyingsmønster vart gjort for å kome i samsvar med anten tradisjonelt bokmål eller nye samnorskformer i bokmål.
Som ein konsekvens av desse reformene har nynorsknormalen no alternative skrivemåtar og bøyingsmønster for mange ord. I utgangspunktet vart dette gjort for å kunne få til ein gradvis overgang til dei nye formene, men etter kvart har mange sett på valfridomen i seg sjølv som eit gode, fordi det gjev høve til å velje former som ligg nærare sitt eige talemål, ikkje ulikt Fjørtofts syn. Mot dette har andre vidareført Aasens syn på einskap, kontinuitet og indre struktur.
Fram til
Rettskrivinga av 2012
hadde den nynorske skriftnormalen to nivå: hovudformer som skulle brukast i lærebøker og av det offentlege (læreboknormalen), og sideformer som var tillatne i elevarbeid og offisielt vart rekna som korrekte. Ved denne siste rettskrivingsreforma vart ein del sideformer tekne ut medan andre vart likestilte med hovudformer.
Utviklinga av høgnorsk
endre
endre wikiteksten
Under prosessen med å samanslege nynorsk og bokmål til
samnorsk
så har den nynorske målforma vorte særs endra frå det som først var Ivar Aasen si språknorm. Til dømes er det ikkje lengre svake eller sterke hokjønnsformer att og
i-målet
er i dag totalt borte frå nynorsken. Nynorsk er i røynda ei samansleging av det opphavlege landsmålet med det dansk-norske
koinéspråket
danna daglegtale
som var talt og skrive på 1850-talet
treng kjelde
. Ein liten minioritet har halde seg tru mot den historiske norma som vart utvikla av Ivar Aasen der desse endringane av målforma under samnorskprosessen vart fullstendig avviste. Denne språknorma er i dag kjend som høgnorsk. Ivar Aasen-sambandet er i dag ein
paraplyorganisasjon
av foreiningar og individ som jobbar for å fremje høgnorsken.
Nynorsk samanlikna med bokmål
endre
endre wikiteksten
Substantiv
endre
endre wikiteksten
Eit grammatisk kjønn er ein ibuande eigenskap hjå
substantiv
. På norsk og dei fleste indo-europeiske språk så har kvart substantiv eigne bøyingsmønster som er avgjorde av det grammatiske kjønnet knytt til substantivet.
Med unnatak av bergensk, har dei norske dialektane bevart alle dei tre grammatiske kjønna frå norrønt. I bokmål er hokjønnet valfritt å nytte, så ein berre kan skrive med to kjønn, som i dansk. Til samanlikning så har nynorsk tre kjønn som i dei fleste dialektane. Desse er obligatoriske å bruke i nynorsk.
Bokmål følgjer hovudsakleg dei følgjande bøyingsmønstera for substantiva
10
og ein kan velje mellom eit heilt eller delvis samanfall av dei ulike formene for substantiva sine grammatiske kjønn for dei bundne og ubundne formene av substantiva.
Døme på substantivbøyinga i bokmål
Eintal
Fleirtal
Ubunden
Bunden
Ubunden
Bunden
Hankjønn
en bil
bilen
biler
bilene
Hokjønn
ei/en linje
linja/linjen
linjer
linjene
Inkjekjønn
et hus
huset
hus
husa/husene
Som ei følgje av den danske arven til bokmålet og at det i dansk skift ikkje var noko hokjønn så finst det nesten eit fullt samanfall mellom hokjønnsformene og hankjønnsformene i bokmål. På bokmål kan ein velje å skrive med to eller tre kjønn, altså anten berre nytta hankjønnsformene og inkjekjønnsformene nett som i dansk eller å nytta det fullnorske systemet med tre grammatiske kjønn; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Mellom anna er det ikkje noko som skil hankjønnsord og hokjønnsord i fleirtal som ein kan sjå i den følgjande bøyingstabellen:
Substantivbøyinga for bokmål
Eintal
Fleirtal
Ubunden
Bunden
Ubunden
Bunden
Hankjønn
en
-en
-er
-ene
Hokjønn
ei/en
-a/-en
Inkjekjønn
et
-et
-/-er
-a/-ene
Dette står i kontrast til substantiva i nynorsk. I nynorsk er eit substantiv sitt kjønn fullstendig eintydig - ei form av substantivet er berre knytt til eitt av kjønna. Systemet med grammatiske kjønn står altså langt sterkare i nynorsk enn i bokmål. Det er altså ingen samanfall i kjønn på substantivformene
11
Substantivbøyinga for nynorsk
Eintal
Fleirtal
Ubunden
Bunden
Ubunden
Bunden
Hankjønn
ein
-en
-ar
-ane
Hokjønn
ei
-a
-er
-ene
Inkjekjønn
eit
-et
-a
Dette tyder at ein ikkje kan blande saman hokjønn og hankjønn som ein kan i bokmål eller berre skrive med to grammatiske kjønn. I nynorsk er det obligatorisk å nytte alle dei tre grammatiske kjønna, i motsetnad til bokmål. Nesten alle substantiv i nynorsk følgjer den ovannemnde bøyingstabellen.
Det einaste obligatoriske regelbundne unnataket frå bøyingstabellen for nynorske substantiv er at hokjønnsord på -ing vert bøygde i -ar og -ane i fleirtal, nett som eit hankjønnsord. Elles vert dei handsama som eit hokjønnsord i alle andre høve.
Substantiv i nynorsk, døme
Eintal
Fleirtal
Ubunden
Bunden
Ubunden
Bunden
Hankjønn
ein båt
båten
båtar
båtane
Hokjønn
ei linje
linja
linjer
linjene
Inkjekjønn
eit hus
huset
hus
husa
Bøyingsverk
endre
endre wikiteksten
Eit grammatisk kjønn er ikkje karakterisert av substantivbøyinga åleine. Det avgjerande er at kjønnet styrer bøyinga av andre ord som vert
samsvarsbøygde
med substantivet. Dette gjeld
determinativ
adjektiv
og
partisipp
Bøyingsmønstera i nynorsk er særs like dei tilsvarande i bokmål, men ulikt bokmål er hokjønnsformene obligatoriske og må verte nytta der dei finst. For adjektiv og determinativ er det berre ei lita mengde med hokjønnsformer att. Etter
rettskrivinga av 2012
har heller ikkje sterke partisipp ei eiga hokjønnsbøying.
Adjektiv
endre
endre wikiteksten
Nynorsk har eit meir fullkome system for bøying av adjektiv enn bokmål. Følgjande nedanfor er eit adjektiv frå ei lita mengde av adjektiv med ei eiga hokjønnsbøying i nynorsk. Andre adjektiv med ei eiga hokjønnsbøyning er òg dei som er skipa av determinativ som t.d «særeigen» og «stadeigen».
Døme av bøyinga av adjektivet «liten»
Hankjønn
Hokjønn
Fleirtal
Guten er
liten
Jenta er
lita
Treet er
lite
Dei fleste adjektiv vert elles bøygde som i bokmål, men adjektiv/partisipp med
diftongending
får ofte dobbeltkonsonantar i inkjekjønn:
Bøying, adjektiv med diftongending
12
Hankjønn/hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
-tt
-e
Som tyder at det på nynorsk vert skrive «det er
greitt
», «det er
leitt
å høyre» osv.
Partisipp
endre
endre wikiteksten
Eit av dei mest markante trekka som skil bokmål og nynorsk er bøyinga av
perfektum partisipp
. Nynorsk har eit meir fullkome bøyingssystem enn bokmål der både perfektum partisipp og adjektiv vert bøygde i kjønn og tal, her illustrert med ei samanlikning med adjektivet «raudt»
13
og partisippet «sendt»
14
av verbet
sende
. Perfektum partisipp er verb som verker som eit
adjektiv
og difor vert bøygde i same grad som eit adjektiv.
15
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
Boksen er rau
Pakka er rau
Brevet er rau
dt
Pakkene er rau
de
Boksen er sen
Pakka er sen
Brevet er sen
dt
Pakkene er sen
de
Bøyinga av perfektum partisipp i nynorsk deler fleire trekk med
det svenske språket
, mellom anna er perfektum partisipp i nynorsk bøygde i både
kjønn
og
tal
nett som i det svenske språket. Dette er i motsetnad til bokmål og dansk som berre har ei bøying i tal for perfektum partisipp (t.d bokmål; «en
drept
kriger», «de
drepte
krigerne»). Bøyingsforma for partisippet er bunden av kva for ein type verb som vert nytta, dette vert vidare skildra i verbseksjonen. Det ovannemnde dømet var eit døme på ei samsvarsbøying av eit svakt verb. Sterke verb (som t.d verbet «skrive») vert òg samsvarsbøygde og får følgjande bøying
16
Sterk bøying av partisipp i nynorsk
Hankjønn/hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
-en
-e
-ne
Før 2012 reforma hadde sterke substantiv også ei eiga hokjønnsbøying for sterke verbpartisipp, dette var eit -i
suffiks
Alle partisipp og adjektiv må verte samsvarsbøygde både som attributt (t.d «ei
god
bok») og etter kopulaverb (t.d «boka er
god
»), nett som i bokmål. Dette gjeld for alle tider av kopulaverba. Kjende kopulaverb i nynorsk er i stor grad dei tilsvarande kopulaverba for bokmål.
Bli
og
verte
er slike kopulaverb og kan verta nytta om kvarandre (
verte
har norrøne røter og difor ei meir fullstendig nynorskbøying,
bli
har nedertyske røter). Vidare er
vere
òg eit kopulaverb og er det som vart nytta i dømet ovanfor (
er
er presens av
vere
). Dei refleksive verba i nynorsk og i bokmål er òg kopulaverb der som må samsvarsbøyast.
Merk at adjektiv og partisipp i bokmål er valfrie å bøye i tal etter kopulaverb men obligatoriske å bøye som attributt, altså kan ein på bokmål skrive «krigerne er drept» i staden for «krigerne er drept
». Nynorsk har obligatorisk bøying i tal for både attributt og kopulaverb, altså må det på nynorsk verte skrive «krigarane er drep
ne
». Ein grunn til kvifor det er obligatorisk kan sjåast i samanheng med ubunde intetkjønn flertall. På nynorsk skriv ein
menneske
medan ein på bokmål skriv «mennesker». Skal det vere openbert at det er fleirtal må adjektiv/partisipp òg verte bøygde i flertal. I setninga på bokmål «mennesker er drept» er substantivet openbert fleirtal, medan tilsvarande setning på nynorsk vert
menneske er drep
ne
. Om nynorsk hadde hatt same partisippbøying som bokmål (altså uten tal) så hadde det ikkje vore like openbert at
menneske
og andre tilsvarande inkjekjønnsord var fleirtal.
Om det ovannemnde bøyingsmønsteret vert følgt så får ein følgjande døme på setningar. Her vert alle partisipp samsvarsbøygde etter alle moglege tider av kopulaverba
vere
verte
og
bli
. Nedanfor er alle dei ulike verbtidene av desse kopulaverba som gjev samsvarsbøying. Merk òg at infinitiven av verba kan gjeve samsvarsbøying i tilleg til dei tidene nemnde nedanfor, t.d «mannen ønskjer
å bli/verte
lauslat
en
».
Døme på samsvarsbøying med kopulaverb
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
Protokollen er skriv
en
Boka er skriv
en
Brevet er skriv
Bøkene er skriv
ne
Mannen var lauslat
en
Kvinna var lauslat
en
Dyret var lauslat
Gutane var lauslat
ne
Guten har vore opptek
en
Jenta har vore opptek
en
Barnet har vore opptek
Gutane har vore opptek
ne
Tingen blir/vert forbod
en
Greia blir/vert forbod
en
Skytevåpenet blir/vert forbod
Skytevåpena blir/vert forbod
ne
Mannen blei/vart drep
en
Kvinna blei/vart drep
en
Dyret blei/vart drep
Dyra blei/vart drep
ne
Protokollen har blitt/vorte les
en
Boka har blitt/vorte les
en
Brevet har blitt/vorte les
Bøkene har blitt/vorte les
ne
Partisippbøyinga kan vidare verte samanlikna med adjektivbøyinga i nynorsk/bokmål, da dei følgjer nett dei same mønstera. Nett som det heiter «mannen har blitt god» så heiter det «mannen har blitt lauslaten» då både
god
og
lauslaten
er maskulin/feminin form og vert samsvarsbøygd med substantivet «mannen» som er av same kjønn som adjektivforma/partisippforma. Det vert samsvarsbøying av di ei tid av kopulaverbet «bli» vert nytta (i dette høvet
presens perfektum
av vere;
har blitt
).
Døme på samsvarsbøying som attributt
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
Ein skriv
en
protokoll
Ei skriv
en
bok
Eit skriv
brev
To skriv
ne
brev
Dei svake verba
vert samsvarsbøygde etter følgjande mønster gjevne i tabellane nedanfor. Det er særleg her nynorsk har store likskapar med bøyingssystemet for partisipp i svensk då fleire av desse verba òg vert bøygde i kjønn og tal og fleire av bøyingsendingane er like. Det svenske systemet står likevel sterkare då dei har full samsvarsbøying i kjønn og tal for blant anna a-verb, medan dagens nynosk har berre ei form for a-verba i alle høve, som synt nedanfor. I nynorsk er det òg etter den nye
rettskrivinga av 2012
mogleg å late vere å samsvarsbøye partisipp av svake verb etter kopulaverb, men dei må verte samsvarsbøygde som attributt
17
I svensk er begge høve obligatoriske.
Partisippbøyinga for a-verb
12
Hankjønn/hokjønn/inkjekjønn/fleirtal
-a
Partisippbøying for e-verb (-de i fortid) og j-verb
12
Hankjønn/hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
-d
-t
-de
E-verba med -te i fortid har dei same bøyingane som i bokmål:
Partisippbøyinga for e-verb (med -te i fortid)
12
Hankjønn/hokjønn/intetkjønn
Fleirtal
-t
-te
Partisippbøying for kortverb
18
Hankjønn/hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
-dd
-dd/-tt
-dde
Døme på samsvarsbøying som attributt, svake verb
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
Ein ferdiglag
rapport
Ei ferdiglag
suppe
Eit ferdiglag
måltid
To ferdiglag
måltid
Ein nedlag
fabrikk
Ei nedlag
verksemd
Eit nedlag
føretak
To nedlag
de
føretak
Ein halvgjor
rapport
Ei halvgjor
oppgåve
Eit halvgjor
arbeid
To halvgjor
de
rapportar
Ein nå
dd
milepåle
Ei nå
dd
grense
Eit nå
dd
/nå
tt
mål
To oppnå
dde
mål
Determinativ
endre
endre wikiteksten
Determinativa
i nynorsk skil seg frå dei i bokmål ved at mange av dei har ei eiga hokjønnsbøying som må samsvare med kjønnet til det etterfølgde substantivet som ofte ikkje eksisterer i bokmål. I bokmål vert oftest hankjønnsformene av determinativ og adjektiv nytta også i hokjønn, slik at bokmål i praksis har to kjønn som i
riksmål
og
dansk
. I nynorsk har ein der i mot eigne hokjønnsformer som er obligatoriske å nytte.
Bøyinga av «ingen»
19
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
ingen
inga
inkje
ingen
Hokjønnsforma «inga» finst på bokmål au, men ikkje forma «inkje» (tilsvarande forma for
inkje
i bokmål er «intet»).
Bøyinga av «eigen»
19
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
eigen
eiga
eige
eigne
Bøyinga av «nokon»
20
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
nokon
noka
noko
nokre/nokon
Døme på bruk
Min eigen rev
Mi eiga løve
Mitt eige tre
Mine eigne barn
Eg har ingen barn
Eg har inga kone
Vår eiga hytte
Eg såg nokre fuglar
Eg har ikkje noka avis
Verb
endre
endre wikiteksten
Generelt sett er skiljet mellom
dei sterke verba
og
dei svake verba
i nynorsk og dei fleste av dei norske dialektane større enn i bokmål. På bokmål kan ein til dømes velje å bøye både svake og sterke verb med endinga -et i presens perfektum i staden for å skile dei ved å nytta -a for svake verb og -et for sterke verb. Til dømes kan det svake verbet
kaste
verta bøygt som
kastet
på bokmål i staden for å nytta ei eiga bøyingsform -a som i
kasta
. Dette lét seg ikkje gjere i nynorsk som krev eit skilje mellom sterke og svake verb. Det heiter difor berre
kasta
i nynorsk
Generelt sett vert verb i nynorsk delte inn i to kategoriar, sterke eller svake. Svake verb vert vidare delte inn i ymse verbkategoriar; a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. Dette avgjer kva for ei bøying verbet får både for partisippet og dei ymse verbtidene. Til dømes vil e-verb med -te i preteritum berre ha partisippbøying i tal, medan e-verb med -de får partisippbøying i kjønn og tal som vist i partisippseksjonen. Også verbsystemet i nynorsk har mange likskapar med svensk. Verb er delte inn i sterke/svake og mange av bøyningsendingane er dei same (-ar i presens for a-verb mellom anna).
Svake verb i nynorsk
18
Infinitiv
presens
preteritum
presens perfektum
Verbkategori
å kaste
kastar
kasta
har kasta
a-verb
å kjøpe
kjøper
kjøpte
har kjøpt
e-verb (-te preteritum)
å byggje
byggjer
bygde
har bygt
e-verb (-de preteritum)
å krevje
krev
kravde
har kravt
j-verb
å bu
bur
budde
har budd/butt
kortverb
Det er ofte viktig å identifisere kva for ei bøyingsklasse eit verb høyrer til. Som ein ser her vil j-verb ha -je/-ja i infinitiven. e-verb har -er i presens og a-verb har -ar i presens og -a i preteritum.
Sterke verb i nynorsk
21
Infinitiv
presens
preteritum
presens perfektum
å skrive
skriv
skreiv
har skrive
å drepe
drep
drap
har drepe
å lese
les
las
har lese
å tillate
tillèt
tillét
har tillate
Alle sterke verb har inga ending i presens og preteritum og det einaste skiljet mellom desse formene er eit vokalskifte
21
På nynorsk kan ein i motsetnad til bokmål velje om ein vil skrive med -e infinitiv eller -a infinitiv (altså anten «skrive»/«skriva»).
22
Ein kan au velje å skrive med eit system som nyttar både -a endingar og -e endingar bunde av kva for eit verb det er snakk om, dette vert kalla
kløyvd infinitiv
23
Dette er trekk som er svært utbreidde i norske dialektar.
Parverb
endre
endre wikiteksten
Eit parverb er eit verb som har to ulike bøyingsmønster, ei
kausativ
bøying og ei ikkje-kausativ bøying. Eit verb som er parverb har altså to ulike bøyingar som er bundne av om det er nokon som er årsak til handlinga eller ikkje. Parverbsystemet i nynorsk er ikkje så ulikt som systemet i svensk og tysk. Det finst
parverb
både i bokmål og nynorsk, men parverbsystemet i nynorsk er meir bevart enn det er i bokmål og nærare korleis det var i norrønt.
Til dømes så er alle sterke verb som òg er parverb skilde i preteritum på følgjande måte i bokmål, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje. Det følgjande dømet er døme på det sterke verbet «brenne» i bokmål:
Jakka
brant
(Inga årsak til handlinga (brannen) er nemnd, dvs får verbet den ikkje-kausative bøyinga «brant»)
Pål
brente
jakka (Årsaka til handlinga (brannen) er nemnd,
Pål
utløyste brannen. Verbet har då den kausative bøyinga «brente»)
Det som skil bokmål og nynorsk for parverb er at det i nynorsk ikkje berre vert skilt i preteritum som i dette dømet, men også for alle verbtider, akkurat som i det svenske språket. Dansk hadde opphavleg ikkje sterke parverb. Det har ført til at parverbsystemet i bokmål er noko redusert for dei sterke verba ennå slike parverb er vanlege i dialektar for alle tider, ikkje berre preteritum.
Her har me igjen parverbet «brenne», men nå på nynorsk. Den øvste bøyinga er for når verbet er ikkje-kausativt, medan den nedste bøyinga er for når verbet er kausativt. Fleire norske dialektar har òg dette systemet, til dømes har fleire trønderske dialekter typisk formene
brinn
og
brenn
i presens, bunde av om verbet er meint kausativt eller ikkje.
Parverbet «brenne» i Nynorsk
Infinitiv
presens
preteritum
presens perfektum
perfektum partisipp, han/hokjønn
perfektum partisipp, inkjekjønn
å brenne
brenn
brann
har brunne
brunnen
brunne
å brenne
brenner
brende
har brent
brend
brent
Døme, «brenne»
Låven
brenn
Hytta
brann
Eg
brenner
ned huset
Eg
brende
ned treet
Partisippa for parverba
endre
endre wikiteksten
Ein stor skilnad mellom parverba i bokmål og nynorsk er òg partisippa for parverba. For den øvste bøyinga så vert det ikkje sagt noko om kven som har gjort handlinga, som i setninga «hytta brann». Dette gjeld òg dei tilsvarande partisippa. Bokmål har berre éi partisippform, ein seier «hytta er utbrent» i alle høve. Nynorsk (og også svensk) har to partisippformer som skil mellom om ein vil seie noko om det er ei handling eller ikkje, i motsetnad til bokmål.
Setninga «Hytta er utbrunnen» seier ingen ting om at nokon har brent ho ned, setninga berre stadfestar at hytta har brunne til grunnen. Setninga «Hytta er utbrend» seier likevel noko om han som utfører handlinga, ho sier at hytta er brent ned til grunnen av nokon. Ein slik skilnad finst for alle parverb og ein kan i nynorsk velje i kva grad ein ønskjer å vere presis når ein seier noko om årsaka til handlinga. Denne graden av kor presis ein vil vere finst ikkje i bokmål/dansk. Eit anna døme er partisippformene for parverbet «knekke». «Greina er knokken» seier ingen ting om årsaka (altså at nokon har knekt ho), medan «Greina er knekt» seier tydeleg at det er nokon som har knekt ho. Dette er i tråd med dei tilsvarande verbtidene for kvart av verba ovanfor; «Hytta brenn» seier ingen ting om han som handlar, medan «Eg brenner ned hytta» seier noko om han som handlar.
Passive verbformer
endre
endre wikiteksten
Passiv verbform på bokmål vert skipa ved suffikset -es, som i «hentes». På nynorsk vert passivkonstruksjon skipa ved eit -ast suffiks som er det same suffikset frå
norrønt
av og som finst i moderne
islandsk
. Til dømes finst passivforma
hentast
av verbet
hente
. Det er likevel ein viktig skilnad mellom nynorsk og bokmål på dette punktet og det er at det berre er lov til å nytte passivforma av eit verb når det står eit
hjelpeverb
framføre det (som t.d
må
skal
vil
burde
). Passivforma på bokmål kan vere både refleksiv og ikkje-refleksiv, medan ho på nynorsk berre kan vere ikkje-refleksiv og dette vert gjort ved å sette eit hjelpeverb framføre passivforma av verbet. Til dømes lét det seg ikkje gjere å skrive «pakka hentast i dag» på nynorsk, då må det heller verte skrive om ved hjelp av verba
vere
verte
eller
bli,
til dømes
pakka vert henta i dag
Hovedårsaka til dette er av di det på eit generelt grunnlag kan oppstå rådløyse om noko har ei refleksiv tyding eller ikkje-refleksiv tyding, som t.d i den ugrammatiske setninga «han slåast». Ein kan då spørje seg om personen vert slegen eller om han slåst. For nett dette verbet finst det ein nyanse, men på eit generelt grunnlag gjer det ikkje det. Det er den ikkje-refleksive konstruksjonen som er eldst i norsk og han er av den grunnen den einaste passivkonstruksjonen som er tillaten i nynorsk. Islandsk og norrønt har òg dette som den einaste moglege passivkonstruksjonen.
Døme
Eska skal
berast
Barna må
reddast
Sykkelen burde
seljast
Det finst verb med ei refleksiv tyding i nynorsk som i alle andre skandinaviske språk, og desse er ikkje dei same som passive verbformer. Døme på slike verb er
synast
og
kjennast
. Desse verba vert bøygde i tid, det same hender ikkje med passive verbformer. Ei god ordbok vil normalt syne ein bøyingstabell i tid om verbet er eit refleksivt verb, medan det ikkje vert vist noko bøyingstabell i tid for passive verbformer.
Refleksive verb
endre
endre wikiteksten
Verbet «kjennast»i nynorsk
Infinitiv
presens
preteritum
presens perfektum
å kjenn
ast
kjenn
est
kjen
test
har kjen
st
Dei fleste
refleksive verba
vert bøygde etter dette mønsteret.
Døme
Dyna byrjar å kjenn
ast
varm
Maten kjenn
est
kald
Bollene kjen
test
kalde
Det har kjen
st
godt
Det kan kjenn
ast
kaldt
Stumme t-ar
endre
endre wikiteksten
Perfektum partisipp og preteritum i nokre verbklasser endar på bokmål på
-et
. Aasen hadde opphavleg med denne t-en i landsmålsnormalen, men sidan han er stum i dialektane, vart han stroken alt i den fyrste offisielle rettskrivinga frå 1901. Eksempel er bokmålsformene
skrevet
og
hoppet
som i nynorsk skriftspråk heitte
skrive
og
hoppa
. Den siste forma er òg tillaten i bokmål.
Pronomen
endre
endre wikiteksten
Generelt finst følgjande
pronomen
i bokmål, som kan samanliknast med den tilsvarande tabellen for nynorsk under. Pronomen er
kasusbøygde
i både nynorsk og bokmål.
Pronomen i bokmål
Subjektform
Objektform
Eigedomspronomen
jeg
meg
min, mi, mitt
du
deg
din, di, ditt
han
hun
det, den
ham/han
henne
det, den
hans
hennes
vi
oss
vår, vårt
dere
dere
deres
de
dem
deres
Pronomen i nynorsk
24
Subjektform
Objektform
Eigedomspronomen
eg
meg
min, mi, mitt
du
deg
din, di, ditt
han
ho
det
han
henne/ho
det
hans
hennar
vi/me
oss
vår, vårt
de/dokker
dykk/dokker
dykkar/dokkar
dei
dei
deira
Pronomenet «den» finst ikkje på nynorsk (berre
demonstrativet
«den» som i «den flotte kvinna»)
24
Ein nyttar i staden dei personlege pronomena «han», «ho» og «det», avhengig av kjønnet til substantivet, nett som i
tysk
Nynorsk
Bokmål
Kor er boka mi?
Ho
er her
Hvor er boka mi?
Den
er her
Kor er bilen min?
Han
er her
Hvor er bilen min?
Den
er her
Kor er brevet mitt?
Det
er her
Hvor er brevet mitt?
Det
er her
Merk òg at eigedomspronomen alltid vil vere etterstilte i nynorsk som i dette dømet, om ikkje ein ønskjer å framheve eigedomsrelasjonen i setninga; «Det er
mi
kone og berre
mi
!». Dette er eit av trekka som gjer norsk unikt frå svensk og dansk då dei alltid har eigedomspronomena foranstilte. Som følgje av bokmålets danske arv er det ofte valfritt om ein vil skrive «min bil» eller «bilen min». På nynorsk er berre det sistnemnde tillate.
Ordformer
endre
endre wikiteksten
Det ein ofte fyrst tenkjer på når ein samanliknar nynorsk og bokmål, er iaugefallande skilnader som ordformene
eg
og
ikkje
i motsetnad til
jeg
og
ikke
. Som mange slike frekvente ord finst desse i mange variantar i dialektane, for eksempel
e(g)
æ(g)
(e)i
je
og
ikkje
inte
ente
itt(e)
. Skilnaden mellom bokmål og nynorsk er at medan bokmål hovudsakleg har henta formene frå det danske skriftspråket eller det dansk-norske talemålet, er formene i det nynorske standardspråket henta frå Aasens (re)konstruerte grunndialekt, og såleis meint å representere alle dei ulike dialektformene.
Eit eksempel er formene
hovud
og
hode
som i dialektane òg kan heite
håve
hau(d)
høvv
huvvu
huggu
hue
og fleire. D-en i grunnforma
hovud
er for det meste stum, bortsett frå i sunnmørsforma
haud
. Vokalen
har ofte ein open uttale, det vil seie
eller
, og dette finn vi i det sørvestlandske
håve
og det trondheimske
høvv
. Ein slik open
kan òg bli til kort vokal som i
høvv
huvvu
og
huggu
. De to siste formene har behalde endevokalen
og denne har påverka o-en ved
jamning
. Elles kan trykklette endevokalar svekkast til
som i
håve
og austlandsforma
hue
, eller forsvinne heilt (
apokope
) som i
høvv
. Vidare er
etter kort vokal i nokre dialektar herda til
som i
huggu
, medan v-en i andre tilfelle har falle bort som i den samandregne forma
hau(d)
. Bokmålsforma
hode
kjem på si side direkte frå det dansk-norske
koinéspråket
, truleg som eit kompromiss mellom det danske
hoved
og det norske
hue
. Ei anna side av saka er at både
hode
og andre former frå vårt største standardspråk no breier seg i dialektane, truleg på grunn av bokmålet sin dominans og prestisje.
Eit anna eksempel er formene
hol
og
hull
. Igjen har vi ein open
som forklarer dialektformene
hål
høl
og
håll
. Bokmålsforma kjem på si side frå den danske skriftforma (med den skilnaden at ein i dansk rettskriving forenklar doble konsonantar i slutten av ord:
hullet
, men
et hul
).
Bruk av språket
endre
endre wikiteksten
I 2005 kartla
TNS Gallup
talet nynorsk- og bokmålsbrukarar på oppdrag frå
Riksmålsforbundet
treng kjelde
Dei kom fram til at 7,5% av nordmennene bruker berre nynorsk når dei skriv, og at 5,5% bruker begge målformene. Desse reelt
tospråklege
kan reknast som nynorskbrukarar, sidan stort sett berre folk som har nynorsk som hovudmål er reelt tospråklege
treng kjelde
. I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i
Sogn og Fjordane
nynorskbrukarane er i fleirtal – også om vi reknar brukarar av begge målformene som nynorskbrukarar. Spørsmålet intervjuobjekta fekk, var: «Når du skal skrive i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Sidan år 2000 er det berre Riksmålsforbundet som har drive med slik kartlegging av talet nynorskbrukarar.
Språkrådet
(som den gongen heitte Norsk språkråd) tinga ei slik undersøking seinast i 1995.
Støtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser. Det syner ei meiningsmåling offentleggjord 6. november 2006 der eit representativt utval av innbyggjarane i Møre og Romsdal vart spurde om dei vil at administrajonsmålet til fylket framleis skal vere nynorsk. Det var klart fleirtal for dette.
25
Den vanlege måten å sjå dette på, er likevel å rekne talet på
kommunar
i eit fylke som har nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller som er språknøytrale. Da byggjer ein ikkje på meiningsmålingar med dei feilkjeldene desse alltid har, men på offentleg statistikk. I
Møre og Romsdal
er til dømes 23 kommunar nynorskkommunar, 13 er nøytrale og berre to er bokmålskommunar. Fylket har derfor nynorsk som administrasjonsspråk. Også om ein ser på talet på elevar i nynorske grunnskulekrinsar mot bokmålskrinsar, er det fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal. Da er talet 55% mot 45% i bokmålskrinsar. Også her kan ein byggje på offisiell statistikk i staden for meiningsmålingar, og
opplæringsmålet i skulekrinsar
vert avgjort i
målrøystingar
der det har vore reist krav om det.
Etter reglane i
mållova
er nynorsk fleirtalsmålform i fire fylke:
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane
Hordaland
og
Rogaland
Nynorsk i skulen
endre
endre wikiteksten
For meir om dette emnet, sjå
Nynorsk i grunnskulen
I dag (pr. januar 2022) nyttar 74 493 elevar i grunnskulen (1.–10. trinn) nynorsk, medan 634 674 elevar har bokmål som hovudmål. Av den totale elevmassen som har norsk som morsmål utgjer delen nynorskelevar 11,6
%.
Dei aller fleste av desse, 90,2
%, er elevar i dei tre vestlandsfylka, men sjølv på
Vestlandet
er nynorskelevane i mindretal då 40,1
% nyttar nynorsk. Dette er grunna det store talet på bokmålselevar i og kring Bergen, Stavanger og dei andre vestlandsbyane. På det sentrale
Austlandet
, langs kysten av
Sørlandet
, i
Trøndelag
og
Nord-Noreg
finst det praktisk tala ikkje nynorskelevar. På Austlandet og Sørlandet er dei lokalisert til desse regionane: Nord-
Gudbrandsdalen
Valdres
, øvre
Hallingdal
Vest-Telemark
Setesdalen
og Indre
Agder
Tal frå 2019 viser viss ein ordnar landsdelane og fylka etter prosentvise lutar nynorskelever endar ein opp med desse tala: Vestlandet (40,1
%), Sørlandet (3,6
%), Østlandet (1,9
%), Trøndelag (0,0008
%), Nord-Norge (0,0002
%) – Sogn og Fjordane (97,9
%), Møre og Romsdal (49,4
%), Hordaland (38,4
%), Rogaland (22,8
%), Oppland (16,7
%), Telemark (9,4
%), Aust-Agder (4,6
%), Vest-Agder (3,0
%), Buskerud (2,0
%).
Om ein rangerer fylka etter talet nynorskelevar (i absolutte tal) har: Vestland (36 965), Møre og Romsdal (15 408), Rogaland (14 242), Innlandet (3 226), Vestfold og Telemark (1 770), Agder (1 314), Viken (565), avslutningsvis har Oslo, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark éin eller mindre.
Status for nynorsk
endre
endre wikiteksten
Kyrkjesokn i
Nord-Trøndelag
var blant dei fyrste som tok i bruk nynorsk som kyrkjespråk. I dag brukar om lag 10
% av sokna i Trøndelag nynorsk
liturgi
26
Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av
rettskrivinga av 1938
, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde
nynorsk som hovudmål
. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på indre delar av
Austlandet
, og store delar av
Sørlandet
, i
Trøndelag
og
Nord-Noreg
. Det var berre på låglandet på
Austlandet
og
Finnmark
der målet i det heile ikkje fekk fotfeste. Nynorsk fekk heller ikkje innpass i byane kring kysten og landet elles, noko som kan ha medverka til at målet fekk ein kraftig attergang etter
krigen
Frå
1950-talet
minska delen nynorskelevar kraftig til han stabiliserte seg på om lag 17% frå
1970-talet
til utpå
1990-talet
. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken står nå attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet. Sidan midt på 1990-talet har det vore ei jamn attergang på om lag 0,2 prosentpoeng pr år, særleg i distrikta kring byane på Vestlandet og i Aust-Telemark har målet mista oppslutnad i desse åra. I heile landet har ein av åtte elevar (12.4%) nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen (2014).
Nynorskbrukarar som jobbar i norsk næringsliv har i regelen få opningar for å bruke nynorsk, men må bruke riksmål/konservativt bokmål (eller engelsk) der tekstane skal brukast eksternt eller representere firmaet. Dette betyr at det enno vert utøvd mykje strukturell tvang i retning av riksmål/konservativt bokmål. Statistikkar som viser til fordelinga av nynorsk og bokmål må tolkast ut frå den strukturelle tvangen som vert utøvd i norsk næringsliv.
treng kjelde
Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon gong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I
TV 2
brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld
VG
Dagbladet
og
Aftenposten
. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar:
Vårt Land
Nationen
Dagsavisen
og
Klassekampen
Kong Harald
kviar seg for å nytta nynorsk, fordi han ikkje vil vere «knote-konge».
27
I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.
Likefullt fortsetter åtaka på nynorsken, serleg frå høgresida i politikken. Dei seinare åra har det kome mange framlegg om å gjere sidemålet friviljug eller berre munnleg – dette kan sjåast som undergraving av nynorsken sin posisjon som likesteld målform. Om ein ser nok fram i tid, uttalar fleire seg pessimistisk om framtida for målet.
28
29
Sjå òg
endre
endre wikiteksten
Nynorsk i grunnskulen
Nynorsk som skulemål på Austlandet
Nynorsk som skulemål på Sørlandet
Nynorsk som skulemål i Rogaland
Nynorsk som skulemål i Hordaland og Bergen
Nynorsk som skulemål i Sogn og Fjordane
Nynorsk som skulemål i Møre og Romsdal
Nynorsk som skulemål i Trøndelag
Nynorsk som skulemål i Nord-Noreg
Kjelder
endre
endre wikiteksten
Theil, Rolf; Allkunne (30. mars 2022).
«nynorsk»
Store norske leksikon
(på norsk bokmål).
«1 av 9 har nynorsk som hovudmål i skolen»
SSB
(på norsk bokmål)
, henta 13. september 2022
Tove Bull (2004).
«Nynorsk som minoritetsspråk»
Språknytt
(3-4).
ISSN
0806-2870
Arne Torp (2004). «Nordiske språk i nåtid og fortid». I Iben Stampe Sletten.
Nordens språk - med røtter og føtter
(PDF)
ISBN
92-893-1042-1
Ivar Aasen (1864).
Norsk Grammatik
. Christiania: B. T. Mallings Forlagsboghandel.
Ivar Aasen (1846). «Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik.».
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede
(4).
Oddmund Løkensgard Hoel (1996).
Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865
. Oslo: Noregs Forskingsråd.
ISBN
82-12-00695-6
Einar Haugen (1975). «Konstruksjon og rekonstruksjon i språkplanlegging: Ivar Aasens grammatikk.». I Magne Myhren.
Ei bok om Ivar Aasen. Språkgranskaren og målreisaren
. Oslo: Samlaget.
ISBN
9788252104257
Rettskrivinga av 2012
, sprakradet.no
«Bøying»
www.ressurssidene.no
(på norsk bokmål)
. Henta 14. juli 2018
daud lenkje
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 14. juli 2018
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 14. juli 2018
«Bokmålsordboka | Nynorskordboka»
ordbok.uib.no
. Henta 19. desember 2018
«Bokmålsordboka | Nynorskordboka»
ordbok.uib.no
. Henta 19. desember 2018
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 19. desember 2018
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 13. september 2018
«Arkivert kopi»
. Arkivert frå
originalen
13. januar 2017
. Henta 12. januar 2017
; Nye reglar: samsvarsbøying av perfektum partisipp
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 14. juli 2018
«Bokmålsordboka | Nynorskordboka»
ordbok.uib.no
. Henta 14. juli 2018
«Bokmålsordboka | Nynorskordboka»
ordbok.uib.no
. Henta 14. juli 2018
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 14. juli 2018
«Rettleiing om konsekvent nynorsk»
Språkrådet
(på norsk)
. Henta 14. juli 2018
Skjekkeland, Martin (14. desember 2017),
«kløyvd infinitiv»
Store norske leksikon
(på norsk)
, henta 14. juli 2018
«Språkrådet»
elevrom.sprakradet.no
. Henta 14. juli 2018
daud lenkje
Aasentunet
arkivkopi
, arkivert frå
originalen
1. februar 2014
, henta 20. mars 2013
arkivkopi
, arkivert frå
originalen
2. februar 2014
, henta 20. mars 2013
Bakgrunnsstoff
endre
endre wikiteksten
nynorsk.no - nyhende om nynorsk
Siste om nynorsk frå Framtida.no
Nynorsksenteret.no
Nynorskordboka - Bokmålsordboka
Autoritetsdata
Store norske leksikon
Lokalhistoriewiki
GND
LCCN
LIBRIS
WorldCat
Henta frå «
Kategoriar
Nynorsk
Ivar Aasen
Utvalde artiklar 2013
Gøymde kategoriar:
Artiklar som treng kjelder for einskilde påstandar
Artiklar som treng tilsyn 2026
Artiklar med døde lenkjer
Artiklar med autoritetsdata
Nynorsk
Nytt emne
US