År 513 fvt., sør for Donau, vart Getarkonfederasjonen nedkjempa av Darius, som på den tida kriga mot skytarane. Over eit halvt tusenår seinare, vart getarane nok ein gong nedkjempa, denne gongen av det romerske imperiet, under keisar Trajan. Frå år 101 til 106 vart Getarriket knust, og landet omgjort til den romerske provinsen Dacia (romarane kalla getarane for dakarar). Dei gotiske og karpiske krigane på Balkan i 238–256 pressa det romerske imperiet til å opprette ein ny provins i Dacia, inne i det tidlegare Moesia Superior.
I 271 vart gamle Dacia ein del av Gotarriket, og var det fram til slutten av 300-talet, då det vart innlemma i det huniske imperiet. Gepidane og avarane herska over Transilvania fram til 700-talet, etter den tid vart Romania innlemma i Det bulgarske riket fram til om lag år 1000. Pekenegane, kumanane og uzane vert òg nemnde i rumenske historiekrønike fram til opprettinga av Vlachia av Valakia, av Basarab I, og Moldavia av Dragos på 1200- og 1300-talet. I mellomalderen levde rumenarane i tre ulike statar: Valakia, Moldavia og Transilvania.
Valakia kom under osmansk styre på 1400-talet og Moldavia på 1500-talet. Dei var autonome provinsar, og hadde kortare periodar med sjølvstende. Dei austlege delane av Moldavia (kalla Bessarabia) gjekk til det russiske imperiet i 1812 (delar av området vart ført attende etter Paristraktaten i 1856), den austlege delen, kalla Bukovina, gjekk til Det austerrikske riket i 1775, og den søraustlege delen kalla Bugeac gjekk til Det osmanske riket.

Transilvania kom under ungarsk kontroll på 1000-talet (sidan 1301 var Ungarn og Transilvania delar av kongehusa Anjou, Habsburg og Det tysk-romerske riket.) Etter slaget ved Mohács i 1526 vart området ein del Det osmanske riket. Ved slutten av 1700-talet vart Transilvania ein del av Det austerrikske riket (kalla Austerrike-Ungarn frå 1867) fram til slutten av fyrste verdskrigen i 1918.
Den moderne rumenske staten vart oppretta i 1859 då Moldavia og Valakia slo seg saman under den moldoviske domnitoren Alexandru Ion Cuza. Han vart bytt ut med Hohenzollerndynasiet i 1866, og sjølvstende og status som kongedøme fekk landet i 1878, etter den russisk-tyrkiske krigen, der Romania kjempa på russisk side. På den tida bytte Russland to sørlege distrikt i Bessarabia som Moldavia hadde teke attende etter krimkrigen i 1852, mot Dobrudsja. I 1918, ved slutten av fyrste verdskrigen, sameinte Bessarabia og Transilvania seg med Det rumenske kongedømet. Den transilvanske unionen med Romania vart ratifisert i Trianontraktaten i 1920.
I 1940, ved byrjinga av andre verdskrigen, vart det nordlege Bukovina og Bessarabia, det nordlege Transilvania og det sørlege Dobrudsja okkupert av Sovjetunionen, Ungarn og Bulgaria, ettersom Romania låg under kong Carol II. Same året abdiserte Carol, og Romania gjekk inn i krigen på tysk side. På dette viset fekk landet attende Bessarabia og det nordlege Bukovina frå Sovjetunionen, og dei tok del i den føreståande invasjonen under leiinga av general Ion Antonescu. I august 1944 vart Antonescu sitt regime kasta, og Romania vart med Den raude arméen mot Nazi-Tyskland.
Ved hjelp av Den raude arméen som var stasjonert i landet etter krigen kontrollerte kommunistane Romania, og gjennom massivt valfusk fekk kommunistane makta. Mange rumenarar såg på det som eit svik frå deira vestlege allierte å la dette hende. I 1947 vart kong Michael I tvungen til å abdisere og å gå i eksil. Romania vart proklamert ein kommuniststat under direkte militær og økonomisk leiing av Sovjetunionen fram til 1958. I denne perioden vart dei få ressursane som var att i landet etter den andre verdskrigen soge inn i sovjet-rumenske «avtalar».

Sovjet-rumenske selskap vart oppretta i etterkrigstida for å skjule den regelrette plyndringa som fann stad, i tillegg til den massive krigsskadebota landet måtte betale til Sovjetunionen. (Landet hadde trass alt vore på tysk side mesteparten av krigen.) Ein mørk periode i Romania si historie fann stad, då hundretusenvis vart fengsla av politiske grunnar, tusenvis av menneske vart mishandla, og politiske motstandarar vart både torturerte og drepne.
Ein kort periode med økonomisk oppgang og openheit fann stad i byrjinga av 1970-talet (omtala som ein «gullalder» av rumenske nostalgikarar), men enda brått då tidlegare diktator Nicolae Ceauşescu returnerte frå ei reise i Asia, som mellom anna inkluderte land som Nord-Korea og Kina. Diktatoren innførte ei hard linje, og innbyggarane i det alt lutfattige landet fekk endå dårlegare levekår. Dei fyrste åra Ceauşescu var i leiinga var han svært populær, mellom anna av di han tok avstand frå russarane, men etterkvart vart han meir og meir sjølvoppteken og upopulær. Ceauşescu herska med frykt som våpen, og undertrykkinga av borgarane i landet vart endå verre etterkvart som det hemmelege tryggiingspolitiet fekk meir og meir makt.
Fleire tiår med kommunisme under Gheorghe Gheorghiu-Dej, og seinare under Nicolae Ceauşescu enda seint i 1989 med den rumenske revolusjonen i 1989. Etter fleire veker med opprør og protestar i desember 1989, vart kommunistregimet kasta. Dei stadig meir valdelege opprøra kulminerte i avrettinga av Ceauşescu og kona hans Elena. Under den rumenske revolusjonen gjekk overgangen frå kommunisme til demokrati på eit meir fredeleg vis. Romania var det einaste austblokklandet som tydde til vald under oppløysinga av Sovjetunionen.

Valet i 1990 vart vunne av det politiske partiet FSN, der somme av politikarane seinare reformerte det til eit sosialdemokratisk parti. FSN fekk halde på makta fram til 1996, då CDR, eit høgrevridd parti forma regjering for ein periode. Etter nokre år med ein del politiske omskiftingar i landet, fekk Ion Iliescu og statsminister Adrian Năstase i 2000 makta attende, men no som leiarar av det sosialdemokratiske partiet PSD.
Leiaren av det demokratiske partiet, Traian Băsescu vart vald til president av Romania den tolvte desember 2004. Traian Băsescu klarte å forme ei regjering rundt sitt eige politiske parti, samt partia "Sanninga" og "Rettskapsalliansen" (Alianta Dreptate si Adevar), ved å velje ut statsminister Călin Popescu-Tăriceanu. Alliansen forma regjering med det rumenske humanistpartiet (Partidul Uamnist Romăn), som no er kjent som Konservativpartiet, og det det etniske minoritetspartiet "den demokratiske alliansen av ungararar i Romania" (Uniunea Democrată a Maghiarilor din România), som har vore i regjeringa sidan 1996.
Etter at den kalde krigen slutta i 1989 fekk Romania stadig betre kontaktar i Vest-Europa. Landet vart med i NATO i 2004, og i Den europeiske unionen i 2007