Dei uralske språka har mange felles trekk, på alle delområda av grammatikken. Mest avvikande frå det uralske grammatiske mønsteret er dei vestlegaste språka; ungarsk, austersjøfinsk og samisk, som er mest påverka av typologisk sett ulike språk. Men desse avvika er ikkje store.

I alle dei uralske språka dominerer postposisjonane over preposisjonar. SOV (dvs. verbet står etter objektet) er dominerande, sjølv om det blant fleire av dei vestlegaste språka er mykje SVO.

Dei uralske språka har ikkje eigedomspronomen av den typen vi har i norsk, der mine i mine bøker står i fleirtal fordi bøker står i fleirtal. I staden bruker dei eit eige suffiks, slik at finsk for «mi bok» og «mine bøker» blir kirjani (av kirja, «bok»). Dei kan også bruke genitivforma av det personlege pronomenet, som i nordsamisk mu girji «mi bok» og mu girjjit «mine bøker».

Dei uralske språka har i utgangspunktet ikkje noko verb av typen eige eller ha. Eigeforhold blir i staden uttrykt syntaktisk, på ein av to måtar: Lokalkasus, som i finsk Minulla on auto «eg har ein bil», bokstavleg omsett «eg-adessiv er bil»,[1] eller med genitiv, som i marisk məjən mašinašte ola, bokstavleg «eg-genitiv er bil-min».[2]

Negasjon kan i verdas språk uttrykkjast på tre ulike måtar, som fritt adverb, som i norsk, som suffiksverbet, som i tyrkisk, eller som sjølvstendig verb. Dei uralske språka (bortsett frå ungarsk) bruker dette siste alternativet. I austmarisk er t.d. «eg kjem» og «du kjem» tolam og tolat, «eg, du kom» er toləm, toləš. Negerer vi dette får vi om tol, ot tol for «eg, du kjem ikkje» og šəm tol, šəš tol for «eg, du kom ikkje».

Uralske språk er av den same agglutinerande typen som vi finn i tyrkisk. Kvart suffiks uttrykkjer ein grammatisk eigenskap, og denne grammatiske eigenskapen blir alltid uttrykt med eitt og same suffiks. I marisk blir t.d. dativ uttrykt med -lan, og fleirtal med -wlak, for alle substantiv, så vi har olmalan og olmalanwlak for « til eitt/fleire eple». I eit språk som norrønt har vi derimot fleire suffiks for dativ, alt etter bøyingsklasse (-i, -u, -a), og kombinasjonen av dativ og pluralis blir uttrykt med eitt udeleleg suffiks, -um, Dei uralske språka som ligg lengst unna den reine agglutinerande typen er samiske språk, dette som resultat av sterk germansk påverknad.

Det uralske urspråket hadde sannsynlegvis i underkant av 10 kasus. Dei fleiste uralske språka har 13-15 kasus, dvs. dei har fått fleire kasus etter kvart, ved ein prosess som kallast grammatikalisering: Tidlegare sjølvstendige ord får reindyrka grammatisk funksjon, og blir hekta på andre stammar som suffiks. T.d. tilsvarer den samiske postposisjonen haga kasus abessiv i finsk (-tta), desse to går attende til same form ta(ga). Denne prosessen ser vi klårt mellom dei permiske språka, der komi har 19 kasus og komipermjakisk har 27 kasus, der dei nye kasusa har komme til i løpet av det siste millenniumet. I det andre ytterpunktet kjem nordkhanti, med 3 kasus for substantiva og 5 for pronomena.

Tabellen nedanfor viser dei rekonstruerte ururalske kasusendingane. Forskarane er samde om hovudtrekka, når lista varierer litt frå forskar til forskar kjem det av at ikkje alle kasusendingane opptrer i alle slektspråka, og det er vanskeleg å seie kven av dei ulike variantane som går attende til ururalsk. Visse av kasusendingane går inn som delar av samansette kasusendingar i dei moderne språka.

Ururalske primærkasus[3]
Nr Kasus Suffiks Tyding Utbreiing i dag
1NominativKven eller kva?fellesuralsk
2Genitiv-nKven sin?finsk, samisk, marisk, mordvinsk, selkupisk
3Akkusativ-mKven eller kva?samisk, marisk, mansi, samojedisk
4Lokativ I-na /-näKvar?Vanleg som danning av nye kasus
5Lokativ II-tKvar? (FU)mansi, spor i ungarsk
6Ablativ-ta/ -täFrå kvar?Danning av nye kasus i nokre språk
7Lativ I/dativ-ń/ -nTil kvar?mansi, mordvinsk
8Lativ II-kTil kvar?spor i samisk, ingrisk

Abondolo viser i store trekk same skjema som Hajdú, men samanfattar nokre av dei formantane som liknar på kvarandre.[4] Marcantonio (2002) legg til to lativ-endingar /-a, -ä/ og /-s/ (i mari, mordvinsk, austersjøfinsk og marginalt i samisk) og ein ablativ /-l/ (i mansi). Dei tre grammatiske kasusa er relativt stabile gjennom språkfamilien, men det er meir variasjon for dei lokale kasusa.

Dei uralske kasussystema er nominativ-akkusativ-system, dvs. subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som subjektet til eit transitivt verb. Unntaket er nordmansi, der subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som objektet til eit transitivt verb, og dermed representerer eit ergativt system. Dei uralske kasussystema består av to delar, eit grammatisk system for subjekt, objekt og possessor, og eit adverbialt system. Til det grammatiske systemet høyrer nominativ, akkusativ og genitiv. Finsk og nabospråka har også ein annan objektkasus, partitiv, og skil dermed mellom objekt for avslutta handling (i akkusativ) og objekt for uavslutta handling (i partitiv). Med opposisjonen akkusativ/partitiv er det også mogleg å uttrykkje bestemtheitsdistinksjonen, dei uralske språka (med unntak av mordvinsk og vepsisk) har ikkje bestemtheit som morfologisk kategori.

Dei adverbiale kasusa har ein subkomponent langs aksen til - i - frå, som i sørsamisk gåatan - gåetesne - gåeteste «til - i - frå - huset». Dette systemet kan utvidast med ein ekstra dimensjon indre - ytre, og vi får det finske talolle - talolla - talolta «bort til - ved - bort frå huset» i tillegg til den indre dimensjonen. Denne dimensjonen har ein tredje verdi i ungarsk, der vi har 3 kasus for i, tre for og tre for på, litt lenger unna. Det typiske uralske systemet har berre indre lokalkasussystem, t.d. er det det vi finn i dei samiske språka, i marisk og i mansi og khanti.

Til slutt kjem det eit oppsamlingsheat av andre lokalkasus, komitativ (med), abessiv («utan»), essiv («som»). Repertoaret her varierer ein del frå språk til språk.

Det er verdt å streke under at denne kasusrikdommen ikkje gjer dei uralske språka spesielt vanskeleg å lære. Skilnaden mellom uralsk og indoeuropeisk er snarare at dei i mange tilfelle bruker kasus der t.d. norsk bruker preposisjon.

Som i nesten alle andre språk i det nordlege Eurasia (unntaka er indoeuropeisk og ketisk) manglar dei uralske språka grammatisk genus, dvs. dei deler ikkje substantiv inn i klasser etter kva form determinativa og adjektiva som står til dei får. Dei har heller ikkje genusdistinksjon i pronomena, på nordsamisk tyder son både «han» og «ho», og den finske setninga Hän suutelee häntä «han/ho kyssar han/henne» kan tolkast på alle fire måtar.

Det uralske urspråket uttrykte både dualis og pluralis morfologisk, sannsynlegvis med ein formativ -t for pluralis, og -k for dualis. Dualis er oppretthalde i samisk, i dei samojediske språka, i khanti, og i alle andre mansiske språk enn sørmansi. Alle språka med dualis har dualis i verbbøyinga og eigne dualisformer av verb og possessivsuffiks, som i nordsamisk mun boađán, moai bohte; mii boahtit, «eg kjem, vi to kjem, vi (fleire enn to) kjem». Mansi har i tillegg også dualisformer av substantiv, og skil mellom ei bok, to bøker og fleire bøker morfologisk.

Kart som viser utbreiinga av uralske språk og folkegrupper

Svært mange av dei uralske språka har vokalharmoni, ein prosess som sett restriksjonar på korleis vokalar kan kombinerast i same ord, og som dermed gjer det lettare å avgjere ordgrensa («viss vokaltypen skiftar, veit vi at vi er over i eit nytt ord»). I dei fleste tilfella harmonerer fremre vokalar med fremre og bakre med bakre (velarharmoni), slik at vi t.d. i finsk kan ha y, ä, ö eller u, a, o i same ord, men ikkje blande dei to setta. Vokalharmoni verkar internt i stammen, slik at vi kan ha eit ord pöytä «bord», og eit pouta «opphaldsver», men ikkje *poutä. Lånord som afääri og olympialaiset er dermed ubehageleg å uttale for dei fleste finnar. Suffiks med desse vokalane kjem i to variantar, slik at vi har illativ -an/-án, og poutaan / pöytään. Nokre språk, som ungarsk og marisk, har også labialharmoni, runda vokalar harmonerer med runda og urunda med urunda.

Tone er vanleg i afrikanske og søraustasiatiske språk, men i uralske språk finn vi ikkje toneskilnader. Dei fleste uralske språka har trykk på første stavinga, t.d. gjeld det samisk og finsk. Nokre av språka har, under påverknad av ulike nabospråk, andre trykksystem. T.d. har marisk trykk på siste vokal som ikkje er schwa, men trykk på første staving viss ordet berre inneheld schwaer.