URL – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til
nettlesaren
Internet Explorer
Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til
nettlesaren
Mozilla
URL
er kort for
Uniform Resource Locator
og viser til «adresser» på
Internett
. URL er ei form for URI (
Uniform Resource Identifier
), og dei to omgrepa blir ofte blanda saman. URLar er ofte sette saman av bokstavar og ord, og blir gjerne brukt i staden for
IP-adresser
, som er kombinasjonar av tal.
Ein URL er sett saman av visse delar:
protokoll://
underdomene.domene.toppdomene
:port/sti/side
Til dømes:
http
://
www
nrk
no
Delane blir skilde av
kolon
skråstrekar
punktum
og visse andre teikn.
Soge
endre
endre wikiteksten
URLen blei skapt i 1994 av
Tim Berners-Lee
Marc Andreessen
, Mark P. McCahill, Alan Emtage, Peter J. Deutsch og
Jon Postel
som del av den nye
verdsveven
. Utforminga baserte seg på
unixadresser
, som brukte skråstrekar til å skilja mellom ulike nivå i adressa. Tim Berners-Lee har seinare uttalt at han angra på bruk av punktum i servaraddessa, og på dei to skråstrekane først i adressa.
Protokollar
endre
endre wikiteksten
Den første delen av ein URL seier som regel kva
internettprotokoll
som skal brukast. Opphavleg kommuniserte brukarprogram på ulike datamaskinar via eigne propritære protokollar, men etter kvart vart det utvikla eit standardisert protokollhierarki med fleire lag. På toppen av dette hierarkiet finn ein applikasjonsprotokollar, som til dømes
ftp
http
smtp
, osb.
Protokoll
Føremål
Tyding
Program
Standardport
http
Nettsider på verdsveven
Hyper Text Transfer Protocol (
www
Nettlesar
(browser, vevlesar)
80
https
Sikker transport av data på verdsveven
Hyper Text Transfer Protocol Secure (
www
Nettlesar
443
ftp
Filoverføring
File Transfer Protocol
FTP-program
eller nettlesar
21
irc
Chat
Internet Relay Channel
IRC-program
Dynamisk
news
Nyhende/diskusjonsgrupper
Nyhendegruppelesar
119
telnet
Tekstbasert tilgang til nettverksutstyr
Telnet-program
23
Kjelder
endre
endre wikiteksten
Denne artikkelen bygger på «
Uniform Resource Locator
» frå
Wikipedia på engelsk
, og «
URL
» frå
Wikipedia på dansk
den 5. august 2010.
Fotnotar
Uniform Resource Locators (URL)
URL Specification
Berners-Lee, Tim.
«Frequently asked questions by the press»
. Henta 5. august 2010
Henta frå «
Kategoriar
Internett
Identifikasjon
URL
Nytt emne