Wikipedia – Wikipedia
Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia
Type nettstad
MediaWiki-nettstad, Wikimedia-prosjekt
Tilgjengeleg på
fleire språk
Grunnlagd
15. januar 2001
Hovudkontor
San Francisco
Opphavsland
USA
Eigar
Wikimedia Foundation
Nettstad
wikipedia
.org
Nynorsk Wikipedia sin logo.
Wikipedia
er eit fritt
oppslagsverk
skrive på dugnad av brukarane ved hjelp av
wiki
-programvare. Wikipedia er styrt av
Wikimedia Foundation
, ein organisasjon som vert driven utan økonomisk vinning som mål. I tillegg til vanleg oppslagsverksinnhald, inneheld Wikipedia informasjon som ein ofte finn i
almanakkar
og
atlas
, og nyhende.
Opphavsrett
endre
endre wikiteksten
All teksten i Wikipedia vert utgjeven under
GNU fri dokumentasjonslisens
, også kjent som
GFDL
. Det betyr at det er fritt fram å bruka, redigera, kopiera og redistribuera alt innhaldet, så lenge ein held seg til retningslinjene i GFDL. Kort fortalt går lisensen ut på at ein må seia klart frå kor innhaldet er henta frå, og gje andre den same retten til å bruka og vidareutvikla innhaldet.
Andre delar av innhaldet, som til dømes bilete laga av kunstnarar som har døydd meir enn 70 år sidan, er det stort sett ingen som har opphavsrett etter lovane i dei fleste landa og vert i slike tilfelle brukt fritt på Wikipedia.
Dugnadsarbeid
endre
endre wikiteksten
Innhaldet i Wikipedia vert skrive av brukarane. Sidene er med få unntak alltid opne for redigering av både registrerte og anonyme brukarar, og ingen artikkel er nokon gong ferdig. Dette har gjeve opphav til mange argument mot Wikipedia, som at artiklane vil bli ufullstendige og lite truverdige.
Historie
endre
endre wikiteksten
Wikipedia byrja som eit
engelskspråkleg
prosjekt den 15. januar 2001, og
fransk
kom raskt etter den 23. mars 2001.
Norsk Wikipedia
kom til i 2002, og
Nynorsk Wikipedia
i 2004.
Det har vore gjort mykje arbeid sidan i å gjera Wikipedia
fleirspråkleg
, og prosjektet har nå meir enn 1
400
000 artiklar på
engelsk
og meir enn 5
millionar til saman (september 2006).
Milepålar
endre
endre wikiteksten
15. januar
2001
Wikipedia på engelsk
vart grunnlagt.
20. september
2004
: Wikipedia nådde totalt 1
000
000 artiklar fordelt på meir enn 100 språk
daud lenkje
12. oktober
2004
: Me gratulerer
bokmålswikipediaen
med artikkel nummer 10
000!
27. oktober
2004
: Nynorsk wikipedia fekk sin 1000. artikkel,
Sauda
, og var dermed med blant dei 52 wikipediaene som til då hadde minst 1000 artiklar.
17. november
2004
Svenska wikipedia
passerte 50
000 artiklar.
18. mars
2005
Wikipedia på engelsk
har passert 500
000 artiklar!
6. april
2005
: Nynorsk Wikipedia passerte 5
000 artiklar.
27. april
2005
fi:Finsk Wikipedia
passerte 20
000 artiklar med artikkelen
Feeniks
14. mai
2005
Bokmålswikipediaen
passerte 25
000 artiklar.
9. juni
2005
Dansk Wikipedia
passerte 25
000 artiklar.
11. juli
2005
: Wikipedia passerer 2
000
000 artiklar, alle språka sett under eitt.
7. august
2005
: Nynorsk Wikipedia passerte 10
000 artiklar med eit stykke om
Edvard Langset
27. august
2005
Svensk Wikipedia
passerte 100
000 artiklar.
6. februar
2006
Bokmålswikipediaen
passerte 50
000 artiklar.
21. februar
2006
Den finske wikipediaen
passerte 50
000 artiklar.
1. mars
2006
Wikipedia på engelsk
passerte 1
000
000 artiklar.
30. september
2006
Dansk Wikipedia
passerte 50
000 artiklar.
11. februar
2007
Finsk Wikipedia
passerte 100
000 artiklar.
24. februar
2007
Bokmålswikipediaen
passerte 100
000 artiklar.
Utgjevaransvar
endre
endre wikiteksten
Stiftinga
Wikimedia Foundation
eig tenarane, domenenamnet og utsjånaden til wikipediasidene. Stiftinga har utgjevaransvaret for Wikipedia, og følgjer lovene til delstaten
Florida
Jimmy Wales
, initiativtakaren til Wikipedia, er formann i stiftinga.
Sjå òg
endre
endre wikiteksten
Kontaktinformasjon for Wikimedia og Wikipedia
Informasjon frå Wikipedia til pressa
Omtale av Wikipedia i norsk presse
Kjelder
endre
endre wikiteksten
Bakgrunnsstoff
endre
endre wikiteksten
Commons
har multimedium som gjeld:
Wikipedia
Jimmy Wales
Arkivert
2020-09-30 ved
Wayback Machine
– kort artikkel om Wikipedia i magasinet
Time
(engelsk)
It's a Wiki, Wiki World
Arkivert
2006-06-18 ved
Wayback Machine
– lengre artikkel om Wikipedia i magasinet
Time
(engelsk)
Artikkel om Wikipedia i magasinet
Nature
(engelsk)
Autoritetsdata
Store norske leksikon
BIBSYS
VIAF
GND
LCCN
BNF
BNF (data)
LIBRIS
SUDOC
WorldCat
Henta frå «
Kategoriar
Wikipedia
Skipingar i 2001
Gøymde kategoriar:
Artiklar med døde lenkjer
Sider med Webarchive-mal som lenker til Wayback Machine
Artiklar med autoritetsdata
Wikipedia
Nytt emne
US